Nye nettløysingar for landbruksinformasjon i Midt-Gudbrandsdal

Nye nettløysingar for landbruksinformasjon i Midt-Gudbrandsdal

Landbrukskontoret i Nord-Fron og Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor har samarbeidd om nettstaden Midtdalsbonden.no sidan 2008. Frå 1. september 2021 vil landbrukskontora ha kvar si løysing for å kommunisere med landbruksnæringa.

Måten å kommunisere på digitalt er i stadig endring. Nettstaden Midtdalsbonden.no har i mange år vore felles plattform for begge landbrukskontora i Midtdalen, men nå ser kommunane og landbrukskontora behov for å gjere endring. Nord-Fron vil frå hausten av bruke kommunen si eiga nettside for å informere og kommunisere med innbuarane sine om landbruksstoff. Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor, som er eit interkommunalt kontor for Sør-Fron og Ringebu, vil halde fram med å ha ein eigen nettstad, slik som fleire av dei andre interkommunale selskapa gjer. Dette er årsaken til at dei to landbrukskontora avsluttar samarbeidet om den felles heimesida Midtdalsbonden.no.
Dei nye løysingane skal vere klare til hausten. Inntil da vil Midtdalsbonden.no fungere som før, og likeeins vil Facebooksida Midtdalsbonden fungere som før. Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor vil opprette ei eiga Facebookside samstundes med at dei får på plass ny heimeside.

Informasjon frå landbrukskontoret i Nord-Fron er å finne på kommunen si heimeside og på kommunen si FB-side.