Frist 10. januar 2021 for å etterregistrere opplysningar i PT
Slaktegris (fotograf: Tor Suleng)

Frist 10. januar 2021 for å etterregistrere opplysningar i PT

Søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot (PT) i 2020 hadde søknadsfrist 15. mars (telledato 1. mars) og 15. oktober (telledato 1. oktober). I tillegg er det frist 10. januar 2021 for å etterregistrere visse opplysningar. Dette gjeld om du har levert del 2 av søknaden (15. oktober): 

  • Avløysarutgifter som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr som er sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun som er seld etter 15. oktober
  • Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland), samt potetar produsert i Nord-Noreg, som er omsett etter 15. oktober

For meir info sjå Landbruksdirektoratet.

Du kan også ta kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål.