2021 – det internasjonale året for frukt og grønt
Ripsbær. Foto: Anne Berit Grasbakken

2021 – det internasjonale året for frukt og grønt

2021 er FNs internasjonale år for frukt og grønt. FAO – FNs organisasjon for landbruk og mat, skal leie arbeidet i samarbeid med andre relevante organisasjonar i FN systemet.
Markeringa av det internasjonale året for frukt og grønt er ei unik moglegheit til å rette merksemda mot den viktige rolla frukt og grønt har for ernæring, mattryggleik og helse, og i tillegg bidra til å nå FNs berekraftsmål. Les meir om FNs internasjonale år for frukt og grønt HER.

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor gjennomførte eit matsatsingsprosjekt i 2020 med fokus på meir dyrking av frukt, grønsaker, bær og potetar i Midtdalen. Produsentar og potensielle produsentar frå alle tre kommunane i Midtdalen var med på ulike møte, kurs, markvandringar m.m., og REKO-ringen Ringebu vart etablert. Er du produsent og vil selge gjennom REKO-ringen ringebu, kan du sjå eiga Facebook-side for produsentar.  I 2020 var det fleire som starta opp med dyrking av grønsaker, bær og potetar i Midt-Gudbrandsdal, og fleire har planar om å kome i gang. Slik sett er vi i Midtdalen godt førebudde på det internasjonale året for frukt og grønt. Dei som måtte ha spørsmål om dyrking av grønsaker m.m., kan ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen. Det er og mogleg å ta kontakt med Norsk Landbruksrådgivning Innlandet.