Infohefte for nye bønder i ny versjon
Infohefte for nye bønder hausten 2020

Infohefte for nye bønder i ny versjon

Informasjonsheftet for nye bønder vart oppdatert i oktober og er publisert på Midtdalsbonden.no under fana “Nye bønder”, sjå HER. All tekst i heftet er oppdatert med gjeldande informasjon. I tillegg har heftet fått ny utsjånad og framstår som meir moderne og friskt. Målet med heftet er å gje nye bønder ei enkel oversikt over rådgjevingstilbod, organisasjonar, tilskotsordningar og anna som er viktig å kjenne til for bonden. 

Landbrukskontora vil så langt dei rekk sende ut heftet i papirform til nye bønder. Dersom du ikkje har fått heftet, ta gjerne kontakt med landbrukskontoret for å få papirversjonen. Er det elles noko du lurer på, kan du spørre på landbrukskontoret. 

Opprinneleg var det bondelaga, småbrukarlaga og skogeigarlaga via Primærnæringsutvalet som hadde ideen til heftet. Det er Landbrukskontoret på Nord-Fron og Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor i samarbeid med Fylkesmannen i Innlandet som står for oppdatering og publisering av heftet.