Markvandring på Gillebo Systu’n
Markvandring på Gillebo Systu'n

Markvandring på Gillebo Systu’n

Torsdag 2. juli møtte 13 personar med interesse for grøntproduksjon opp hos Ida Gillebo i Øyer for å lære om dyrking av blomkål, brokkoli og brokkolini. Ida er grønnsaksbonde på andre året og har mye interessant å formidle.

Vi starta ute i åkeren og fekk sjå på plantene som er sådd eller planta til ulike tider slik at ho kan hauste frå juli til september. Ida har investert i ei eiga såmaskin. Elles har ho fått ein lokal blikkenslagar til å konstruere ein såmaskin for pluggbrett. Her brukar ho vakum frå ein støvsugar til å så 60 frø om gongen. Ida bruker handreiskap til rensking. Til hjelp i produksjonen har ho med foreldra sine. Målet er ar garden skal gje inntekt nok så ho kan vere bonde på heiltid. I tillegg har Ida slaktegrisproduksjon, geiter og hestar på garden. 

Ida har investert i drivhus der ho kan drive fram planter for utplanting, og ho har bygd kjølerom. 

Kundene er først og fremst lokale hotell, og ho sel gjennom Gudbrandsdalsmat. Ho har også noko sal direkte til forbrukar. Målet er å auke salet direkte til forbrukar, og sal gjennom REKO-ring er aktuelt.

Vi takkar Ida for ei interessant og lærerik markvandring!  

Det er matsatsingsprosjektet i regi av Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor som arrangerte markvandringa i samarbeid med Fylkesmannen i Innlandet. Målet med matsasingsprosjektet er å bidra til auka produksjonen av grønsaker, potetar, frukt og bær i Midtdalen. Tidlegare i år har prosjektet blant anna gjennomført eit temamøte om dyrking av frukt og grønt, kurs i marknadsføring med Matmerk og etablering av REKO-ring i Ringebu. Har du spørsmål om prosjektet, ta gjerne kontakt med Gro Vestues ved Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor, e-post gro.vestues@sor-fron.kommune.no, tlf. 61 29 92 56.