God oppslutning om bær- og grønsaksmøte 19. februar
Utvalg av bringebær på en blå bakgrunn

God oppslutning om bær- og grønsaksmøte 19. februar

Vel 40 personar møtte i Storsalen på kommunehuset, Sør-Fron for å høyre om dyrking av bær og grønt. Dei frammøtte fekk høyre gode innlegg både frå Norsk Landbruksrådgivning Innlandet (NLR) og frå tre lokale produsentar.

Jørn Haslestad og Jan Erik Mæhlum frå Norsk Landbruksrådgivning snakka om dyrking av bær, grønsaker og potetar. Haslestad hadde med seg ein kvist av bringebær, og fortalde at blomsteranlegga blir laga alt i september, og legg grunnlaget for kor god avlinga skal bli året etterpå. Han sa at vi kan dyrke bær i heile Innlandet, og at dette er ein heilårsproduksjon. Det er bringebær, jordbær, solbær, ripsbær og stikkelsbær som er aktuelle å dyrke her. Mæhlum snakka om dyrking av potetar og grønsaker, og synte fram bilete av ei rekke reiskapar som er gode hjelpemiddel. Det er lurt å ha reiskap som kan brukast i ulike produksjonar, da kan ein spare seg for investingar. Dei vanlege norske grønsakene er greie å dyrke i Innlandet, sjølvsagt avhengig av jordtype og andre lokale variasjonar. Elles sa begge to at marknaden og sal av produkta kan vere minst like vanskeleg som dyrkinga sjølv. Det er difor viktig å ha klart korleis ein skal selge produkta sine før ein set i gang. Særleg viktig er det med produkt som ikkje tolar lagring, t.d. jordbær. 

Tre lokale produsentar delte erfaringar med møtelyden om kva dei dyrkar, korleis dei har innretta seg og korleis dei når marknaden. Jostein Tromsnes dyrkar potetar på Fåvang og sel til eit par lokale serveringsverksemder, gjennom tre lokale butikkar, REKO-ring og rett frå garden. Per Otto Kaurstad dyrkar jordbær i Ringebu, og distribuerer alt sjølv til butikkar m.m. frå Lillehammer til Skjåk og Dombås. I tillegg lager han noko saft og syltetøy av frosen bær. Ida Gillebo dyrkar brokkoli, blomkål og brokkolini i Øyer. Ho sel gjennom Gudbrandsdalsmat, til serveringsverksemder og til private. Ho vil prøve seg med sal gjennom REKO-ring til sommaren. 

Gro Vestues frå Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor snakka til slutt kort om andelslandbruk, og sa at det kan vere ein form å drive landbruk på for dei som er glad i folk.

Under oppsummering av møtet kom det forslag og råd frå fleire, her kort oppsummert:

  • Bruk rådgjevingsapparatet, Innovasjon Norge og andre som kan gje hjelp og støtte.
  • Går det an å få til REKO-ring her i Midtdalen?
  • viktig å lære meir om sjølve produksjonen. Bl. a. NLR arrangerer kurs. 
  • Kan dyrking av frukt (eple, plommar) vere tema på neste møte?
  • Positivt at dette møtet vart arrangert, mange er interesserte.

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor var arrangør saman med Fylkesmannen i Innlandet. Det blir eit oppfølgingsmøte seinare i vår. 

Dersom du har spørsmål ta gjerne kontakt med Gro Vestues, Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor, tlf. 61 29 92 56, e-post gro.vestues@sor-fron.kommune.no eller Anne Berit Grasbakken, Fylkesmannen i Innlandet, tlf. 61 26 61 47, e-post fmopabg@fylkesmannen.no 

Presentasjonane kan du lese under:

Lukk meny