Interessert i grønsaksdyrking?

Interessert i grønsaksdyrking?

Trendar i tida går mot aukande interesse for å spise grønsaker og plantekost. Mange forbrukarar er opptatt av klima, berekraft og helse. For å møte trenden treng vi meir norsk grøntproduksjon. I Midtdalen har vi nokre få som dyrkar potetar, bær og grønsaker, men det er absolutt plass til fleire produsentar.

Alle som er interesserte i grøntproduksjon er velkomne på møte onsdag 19. februar kl. 19 på kommunehuset i Sør-Fron. Jørn Haslestad frå Norsk Landbruksrådgiving Innlandet vil fortelle om kva vi kan dyrke her i Midtdalen, og litt om korleis marknaden for grønsaker m.m. er. I tillegg vil tre lokale produsentar vil dele erfaring med oss. 

Program kan du sjå her: 

Lukk meny