Førebuing av dyrkingssesongen 2020 om du vil dyrke grønsakar
Luking

Førebuing av dyrkingssesongen 2020 om du vil dyrke grønsakar

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL) vil i 2020 sette i gang eit prosjekt med mål om å auke produksjonen av grønsakar, potetar, frukt, bær og urtar.  Før ein set i gang med meir enn ein kjøkenhage til eige bruk, er det sjølvsagt viktig å ha vurdert både:

  • Kva ein faktisk kan dyrke her i Midtdalen
  • Kva er moglegheitene for å få seld produkta sine
  • Kva som skal til av kompetanse, investeringar og arbeidskraft for å få det til

Dette er spørsmål vi vil ta opp på eit møte utpå nyåret. Meir informasjon og invitasjon kjem etter jul.

Om du berre vil ha ein liten kjøkenhage til eige bruk, eller om du vil dyrke for sal, så kan det vere lurt å kjøpe planter. Da kjem ein raskt i gang med dyrkinga. Det finst gartneri som er spesialiserte på å levere planter. Ein av desse er De Haes gartneri på Jevnaker som leverer både små og større kvanta med økologiske planter. Frist for bestilling av planter er 20. februar 2020.

Elles kan det vere mogleg å få tak i planter hos dei lokale gartneria i regionen vår, Ringlund på Fåvang, Nymoen på Vinstra og Bjørke på Kvam. 

Lukk meny