Matsatsing i Midt-Gudbrandsdalen våren 2020
Utvalg av bringebær på en blå bakgrunn

Matsatsing i Midt-Gudbrandsdalen våren 2020

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL) har søkt og fått midlar frå Fylkesmannen i Innlandet til satsing på lokalmat våren 2020. Satsinga er todelt:

  1. Auke “grøntpoduksjonen”. Målet er å få til meir dyrking av grønsakar, urtar, potetar, frukt og bær.
  2. Samarbeid mellom reiseliv og landbruk om utvikling av matopplevingar. 

Målgruppe for satsinga er både landbruket og reiselivet. Det er planlagt å gjennomføre fleire møte våren 2020. I tillegg blir det tilbod om  oppfølging til dei produsentane som ønskjer å prøve ein eller annan grøntproduksjon.

Satsinga blir gjennomført i samarbeid med fleire andre aktørar. 

Kontaktpersonar er Gro Vestues ved MGL og Anne Berit Grasbakken hos Fylkesmannen i Innlandet.
Meir informasjon kjem etter nyttår.

Lukk meny