Fristen for å søke regionale miljøtilskot (RMP) er 15. oktober. Du søker ved å bruke søknadsportalen hos Landbruksdirektoratet. Før du går i gang med å fylle ut søknaden er det viktig å lese veiledningsheftet.
Det er nye ordningar frå i år, og søkar må legge inn kart og andre opplysningar på nytt. Ingenting kan overførast frå i fjor. Landbrukskontora oppmodar om å begynne med søknaden i god tid før søknadsfristen!
For søkarar i Sør-Fron og Ringebu:
Dersom du treng hjelp til å fylle ut RMP-søknaden, ta kontakt med Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor etter 2. oktober. Sør-Fron kommune oppgraderer datasystema sine i perioden 30. september til 2. oktober, og dette fører til “dataproblem” på landbrukskontoret desse dagane. Sjå elles sms som vart send til alle søkarar 25. september.
For søkarar i Nord-Fron:
Dersom du treng hjelp til å fylle ut RMP-søknaden, ta kontakt med landbrukskontoret i Nord-Fron.