Ungdomsskuleelevar i Midtdalen har lært om skogbruk og klima
Skilt om skogdag

Ungdomsskuleelevar i Midtdalen har lært om skogbruk og klima

I løpet av juni har om lag 150 elevar og 10 lærarar vore med ut i skogen og lært om kva slags skog vi har i Midtdalen og kva skogen betyr for klimaet. I tillegg har dei lært om yrke i skogbruket og om friluftsloven og allemannsretten. 

Første skogdag vart gjennomført ved Søre Åbborsjøen i Ringebu. Nærare 50 elevar og tre lærarar frå Ringebu ungdomsskule fekk prøvd seg på både fisking, bålbygging og andre praktiske oppgåver i tillegg til å lære om skogbruk og klima. 

Andre skogdag var ved Øya gard i Nord-Fron der det kom elevar både frå Skåbu oppvekst og frå Vinstra ungdomsskule. Denne dagen var det vel 70 elevar som deltok. Tredje og siste skogdag var i Hardvollsmorka i Sør-Fron for vel 30 elevar frå Sør-Fron ungdomsskule. 

I tillegg til å prøve seg på ulike praktiske oppgåver, fekk elevane testa kunnskapane sine om karbonets kretstløp og fotosyntesen. Skogselskapet bidrog med eit godt pedagogisk opplegg på dette, og mange elevar fekk nok eit meir konkret bilete på kva fotosyntesen er. Elevane vart og minna om at det er viktig å ta klimasmarte val når dei om få år skal etablere seg med bustad og bil.  

Elevane tok del i oppgåver og aktivitetar med interesse og engasjement, trass i at vêret var kaldt og vått på to av dagane. Lærarane var glade for å kunne ta elevane med seg ut i naturen og gav gode attendemeldingar på opplegget. 

Det er sjette året at skogdagane blir arrangert. Målet er å gje elevane innsyn i kva for moglegheiter som finst i skog og utmark, både når det gjeld yrke og utdanning, næring og rekreasjon. Tidlegare har elevane hatt utplassering i jordbruket, og med skogdagane vil elevane få eit breiare innblikk i landbruket.

Skogdagane er eit samarbeidsprosjekt mellom bondelaga, småbrukarlaga og skogeigarlag som har organisert seg i primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal. I tillegg har landbrukskontora, Skogselskapet og Fylkesmannen i Innlandet bidratt. Arrangementet er støtta av RULL-midlar frå Oppland fylkeskommune.

Ola Gram Dæhlen, Skogselskapet, oppsummerar dagen med elevane
bål
Bygging av bål
Scrable med trebrikker og med ord om skogen
Bru
Elevane har bygd bru som tåler vekta av sju personar (fotograf: Ola Gram Dæhlen)
Lukk meny