Fagmøte om beiterett og gjerding 5. juni
Gjerde og lam

Fagmøte om beiterett og gjerding 5. juni

Årets beitesesongen er så vidt begynt, og difor er temaet beiterett og gjerding svært aktuelt akkurat nå. I kvar beitesesong dukkar det opp både spørsmål og usemje om beiterettar og om gjerding. Dersom du møter opp onsdag 5. juni kl. 19 i kommunestyresalen på Nord-Fron, kan du høyre advokat Anders Gustav Bjørnsen orientere om lovverket, og det blir mogleg å stille spørsmål.

Invitasjonen finn du under. Ta gjerne med deg naboen og kom. Det blir enkel servering. Vel møtt!

Lukk meny