Midtdalsbonden inn i framtida (2013 – 2016)

Midtdalsbonden inn i framtida 2013 – 2016 var eit landbruksprosjekt i regi av Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal. Det vart arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å vitalisere og utvikle landbruket i regionen.

Primærnæringsutvalet vidarefører nokre av tiltaka og satsingane som prosjektet jobba med, bl.a. skogdag for ungdomsskuleelevar.

Utdeling av prisen «Årets Midtdalsbonde» vart vidareført nokre år saman med lokalavisa Dølen og Sparebank 1 Gudbrandsdal. Prisen vart utdelt i fem år, og prisvinnarane er: Arnhild og Knut Thujord (2013), Marthe Dypdalen (2014), Wenche Rønningen og Egil Brenden (2015), Gunhild W. og Ole Asmund Sylte (2016), Hans Mathias Ulberg (2017).

Sluttrapport fra prosjektet kan du lese her:

 

Lukk meny