GODE TIPS FOR Å MØTE EIN NY TØRKESOMMAR

GODE TIPS FOR Å MØTE EIN NY TØRKESOMMAR

Det er mye vi kan gjere for å stå betre rusta for ein ny tørkesommar. Både Fylkesmannen, Norsk landbruksrådgivning og fleire andre kom med gode råd under møtet om kva vi kan lære etter tørkesommaren 2018 i går kveld på Sør-Fron.

Hovudtemaene som vart tatt opp var beredskap og vatning. I tillegg fekk vi høyre frå gardbrukar Kristian Ekre korleis han har løyst utfordringane som tørkesommaren gav.

Beredskapssjef hos Fylkesmannen i Innlandet, Asbjørn Lund, snakka bl.a. om at landbruket er ein del av totalberedskapen. Matproduksjonen er ein viktig del av dette. I tillegg kan landbruket bidra i ulike situasjonar med maskinar, reiskap og folk. T.d. stilte ein del bønder opp med møkktankar fylt med vatn i fjor sommar da det var stor skogbrannfare under tørkeperioden.

Eit generelt råd frå fylkesberedskapssjefen var å lage seg risiko- og sårbarheitsanalyser, ofte kalla ROS-analyser. Dette kan i følge Asbjørn Lund gjerast enkelt. Det handlar om å sjå for seg kva som kan gå gale, og deretter lage seg ein plan for kva ein kan gjere om ulike situasjonar oppstår. Spørsmål ein kan stille seg sjølv, kan vere: Kva om strømmen blir borte, og kva om vatnet blir borte? Kva gjer eg i slike situasjonar? Frank Christiansen frå Norsk landbruksrådgivning Innlandet var innom noko av det same. Han snakka også om korleis ta vare på seg sjølv, og korleis ta vare på naboen og kollegaer i landbruket. Det er elles mogleg å søke råd hos Norsk landbruksrådgivning dersom ein skulle råke ut for ein vanskeleg situasjon.

Eivind Bergseth frå Norsk Landbruksrådgivning kom med gode råd om vatning, både til ulike vekstar og på ulik jord, og om vedlikehald av vatningsanlegg. Han snakka elles om dei to hovudtypene vatningsanlegg vi har; anlegg med naturleg trykk og anlegg som er drive med el-kraft eller dieselmotor. Eit viktig poeng frå Bergseth var å halde vatningsanlegget ved like og vere klar til å bruke det før vekstsesongen startar for fullt. Elles kom Bergseth med ulike råd til kva ein kan gjere med tørkeskadd eng.

Ole Johan Kolseth frå landbrukskontoret i Nord-Fron har sett på moglegheitene for å lage fordrøyingsbasseng i mindre elver. Han tok utgangspunkt i regional plan for Lågen og sidevassdrag, og ser på moglegheiten til å kombinere avslammingsdammar med vatning i jordbruket. Han synte til eit praktisk døme frå sommaren 2018 der nokre gardbrukarar hadde vatna 700 da i tre månader med vatn frå eit slik basseng.

Kristian Ekre, som er gardbrukar i Kvikne, fortalde til slutt si historie om korleis han har greidd seg gjennom utfordringane med tørke og lite grovfôr. Han tok i bruk beiteressursane på fjellet og i utmarka. I tillegg var han tidleg ute med å avtale kjøp av halm frå Trøndelag. Dette vart redninga for han.

Bortimot 40 personar møtte opp for å høyre om kva vi kan lære etter tørkesommaren 2018. Forhåpentlegvis står vi betre rusta når neste tørkesommar dukkar opp.

Det var faglaga i landbruket (primærnæringsutvalet) i Midtdalen, landbrukskontoret i Nord-Fron, Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor og Fylkesmannen i Innlandet som arrangerte møtet.

Legg igjen en kommentar

Lukk meny