INVITERER TIL MØTE OM KVA VI KAN LÆRE ETTER TØRKESOMMAREN

INVITERER TIL MØTE OM KVA VI KAN LÆRE ETTER TØRKESOMMAREN

Landbruksnæringa og landbrukskontora i Midt-Gudbrandsdal inviterer saman med Fylkesmannen i Innlandet til møte om kva vi kan lære etter tørkesommaren 2018. Møtet blir på Sør-Fron kommune torsdag 14. februar 2019, og det blir innlegg både frå Fylkesmannen i Innlandet, Norsk Landbruksrådgivning Innlandet, gardbrukar Kristian Ekre og landbrukskontora. Det er eit mål å vere betre budd neste gong det kjem ein tørkesommar. Difor meiner arrangørane at det er viktig å møtast og prate om kva vi har erfart og korleis vi kan gjere ting betre ein annan sommar. Møtet er ope for alle interesserte. Det blir enkel servering. Programmet kan du lese HER. Vel møtt! Foto: Vatning blir eitt av fleire tema på møtet (Anne Berit Grasbakken)

Legg igjen en kommentar

Lukk meny