KUNNGJERING HANNDYRLOVA

KUNNGJERING HANNDYRLOVA

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om unntak frå forbodet i § 3 i hanndyrlova for Fron Fellesdrifter sitt beiteområde i Nord-Fron, Øystre Slidre og Vågå kommunar. Forskrifta er gjengitt nedanfor (klikk på “les mer”).

Forskrift om unntak frå lov om avgrensing i retten til å sleppe hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 6/6-11 med heimel i § 4 fyrste og andre ledd i lov av 6. mars 1970 nr. 5 om avgrensing i retten til å sleppe hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite.

§1
Forbodet i § 3 fyrste ledd a), b) og c) i lov av 6. mars 1970 nr. 5 mot å sleppe oksar som er eldre enn 6 månader på beite, gjeld ikkje for Fron Fellesdrifter sitt beiteområde i Nord-Fron kommune, Øystre Slidre kommune og Vågå kommune.

§ 2
Denne forskrifta trer i kraft straks.

Legg igjen en kommentar

Lukk meny