Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal, som er set saman av representantar frå bondelaga, småbrukarlaga og skogeigarlaga, har revidert handlingsplanen og kome med ny plan for 4-årsperioden 2015-2018. Planen har bytta namn frå handlingsplan til utviklingsplan. Målet er å utvikle landbruket i Midtdalen, ved å satse på kompetanse, samarbeid, rekruttering og synleggjering. Primærnæringsutvalet har som oppgåve å prioritere og følgje opp eit eller fleire tiltak kvart år. Ta gjerne kontakt med Primærnæringsutvalet for innspel og idear. Ta kontakt med Anne Berit Grasbakken eller Marthe Dypdalen.

Primærnæringsutvalet har pr. april 2017 følgjande representantar:

Marthe Dypdalen, Nord-Fron Bondelag (leiar)
Ola rundsveen, Fron Skogeigarlag
Jostein Tromsnes, Ringebu-Fåvang Skogeigarlag
Ola Kjorstad, Sør-Fron Bonde- og småbrukarlag
Jan Karenstuen, Nord-Fron Bonde- og småbrukarlag
Kjell Arne Kaus, Ringebu Bondelag

HISTORIKK

Bondelaga, småbrukarlaga, skogeigarlaga og landbrukskontora laga hausten 2004 Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2005-2008.

Bakgrunnen for at planen vart laga i 2004, var å synleggjere korleis landbruket sjølv ønsker å utvikle seg som næring. Følgjande tiltak vart gjennomført i 4-års perioden 2005-2008:

Etablering av Primærnæringsutvalet, med bl.a. ansvar for oppfølgjing av planen
Etablering av nettstaden Midtdalsbonden.no
Utvikle infohefte for unge og nye bønder
Auka lokal foredling av tre (forprosjekt)
Guidekurs for landbruksnæringa/bygdenæringer
Uttale i ulike saker
Hausten 2008 vart planen rullert, og kom i ny utgåve, Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2009-2012.

Følgjande tiltak vart gjennomført i 4-års perioden 2009-2012:

Fleire fagdagar/fagmøte med tema som produksjon av flis til strø og talle, dyrevelferd, trafikksikkerheit, HMS og beredskap
Info om landbruket til kommunestyra og til dei politiske hovudutvala som har ansvar for landbrukssaker
Bidrog til å sette i gang eit 3-årig prosjekt om kulturlandskap og bioenergi
Innspel og uttale i ulike saker
I 2013 og 2014 har Primærnæringsutvalet arbeidd med å rullere handlingsplanen, som har fått nytt namn: Utviklingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2015-2018. I desse to åra har utvalet i tillegg jobba med å bidra i:

– Prosjektet Kulturlandskaps- og bioenergiprosjektet i Midt-Gudbrandsdal
– Prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida
– Utviklinga av nettstaden Midtdalsbonden.no.
– Vore med på ulike møte for å snakke landbruket sin sak
– Kome med innspel og forslag i ulike saker som gjeld landbruket

Lukk meny