UTVIKLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I MIDT-GUDBRANDSDAL 2015-2018

Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal, som er set saman av representantar frå bondelaga, småbrukarlaga og skogeigarlaga, har revidert handlingsplanen og kome med ny plan for 4-årsperioden 2015-2018. Planen har bytta namn frå handlingsplan til utviklingsplan. Målet er å utvikle landbruket i Midtdalen, ved å satse på kompetanse, samarbeid, rekruttering og synleggjering. Primærnæringsutvalet har som oppgåve å prioritere og følgje opp eit eller fleire tiltak kvart år. Ta gjerne kontakt med Primærnæringsutvalet for innspel og idear. Ta kontakt med Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Her kan du lese Utviklingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2015-2018.

Primærnæringsutvalet har pr. april 2017 følgjande representantar:

Marthe Dypdalen, Nord-Fron Bondelag (leiar)
Ola rundsveen, Fron Skogeigarlag
Jostein Tromsnes, Ringebu-Fåvang Skogeigarlag
Ola Kjorstad, Sør-Fron Bonde- og småbrukarlag
Jan Karenstuen, Nord-Fron Bonde- og småbrukarlag
Kjell Arne Kaus, Ringebu Bondelag

 

HISTORIKK

Bondelaga, småbrukarlaga, skogeigarlaga og landbrukskontora laga hausten 2004 Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2005-2008.

Bakgrunnen for at planen vart laga i 2004, var å synleggjere korleis landbruket sjølv ønsker å utvikle seg som næring. Følgjande tiltak vart gjennomført i 4-års perioden 2005-2008:

  • Etablering av Primærnæringsutvalet, med bl.a. ansvar for oppfølgjing av planen
  • Etablering av nettstaden Midtdalsbonden.no
  • Utvikle infohefte for unge og nye bønder
  • Auka lokal foredling av tre (forprosjekt)
  • Guidekurs for landbruksnæringa/bygdenæringer
  • Uttale i ulike saker

Hausten 2008 vart planen rullert, og kom i ny utgåve, Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2009-2012.

Følgjande tiltak vart gjennomført i 4-års perioden 2009-2012:

  • Fleire fagdagar/fagmøte med tema som produksjon av flis til strø og talle, dyrevelferd, trafikksikkerheit, HMS og beredskap
  • Info om landbruket til kommunestyra og til  dei politiske hovudutvala som har ansvar for landbrukssaker
  • Bidrog til å sette i gang eit 3-årig prosjekt om kulturlandskap og bioenergi
  • Innspel og uttale i ulike saker 

I 2013 og 2014 har Primærnæringsutvalet arbeidd med å rullere handlingsplanen, som har fått nytt namn: Utviklingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2015-2018. I desse to åra har utvalet i tillegg jobba med å bidra i:

- Prosjektet Kulturlandskaps- og bioenergiprosjektet i Midt-Gudbrandsdal
- Prosjektet Midtdalsbonden inn i framtida
- Utviklinga av nettstaden Midtdalsbonden.no. 
- Vore med på ulike møte for å snakke landbruket sin sak
- Kome med innspel og forslag i ulike saker som gjeld landbruket

 

 

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!