Kjempespringfrø er ei eitårig plante som kan bli opp til 1,80 m høg. Når frøa er modne, blir dei med stor fart slynga ut, og dett ned opp til sju meter frå morplanta. Planta formeirer seg kun ved spreiing av frø. Kvar einskild plante kan produsere 4000 frø med ein spireevne på 80 %.

kjempespringfro_blomst3.jpgBlomane på kjempespringfrø kan vere kvite, raude eller fiolette. Biletet til venstre syner kjempespringfrø med blomar som er kvite eller rosa. Planta blømar frå juni til oktober.

 

 

 

 

kjempespringfro-bloms2.jpg

Dette biletet syner fiolette blomar. Kjempespringfrø har ein stengel som er glatt, saftfull og innhol, og som lett brekk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

kjempespringfro_rot.jpg

Rotsystemet til kjempespringfrø er lite, og det er lett å luke planta. I og med at kjempespringfrø gjerne veks etter bekke- og elvekantar og utkonkurrerer andre arter, kan det føre til erosjon fordi røtene er små og ikkje bind jorda.

Slått og luking er gode metodar for å bli kvitt planta. Dette må gjerast før frøsetting, og gjerne først i juni da plantene er små. Dersom plantene er i bløming, må plantematerialet destruerast for å hindre frøa i å spreie seg. 

Slått og luking må ein gjere fleire gongar i vekstsesongen, frå tidleg juni til september, og minst tre år på rad for å bli kvitt planta.

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!