rundballer1Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor og ordførar Ole Tvete Muriteigen inviterer alle kommunane i Gudbrandsdalen til å vere med på dugnad for å rydde plast langs Lågen. Dei vil og sette i verk tiltak for å førebygge ny forsøpling.

Bakgrunnen er eit nokså omfattande forsøplingsproblem med plast langs Gudbrandsdalslågen. Noko strekker seg heilt attende til flaumen i 2011, og det nyast er frå flaumen i okotber 2018. Landbruksplast og rundballar er ført med flaumstor elv, og blir liggande langs Lågen.

I Sør-Fron har Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Sau og geit og kommunen gått inn i eit samarbeid. Målet er å rydde opp langs Lågen i Sør-Fron, og samstundes få til ein ny praksis for å unngå plastforureining i framtida. Sidan problemet ikkje er unikt for berre Sør-Fon, er alle kommunane i Gudbrandalen invitert for å rydde langs heile Lågen.

Brev til dei andre kommunane vart send først i denne veka, og nå ventar Sør-Fron spent på svar frå dei andre. Svarfristen er allereie 21. januar. Skåppå Kunnskapspark AS er engasjert til å hjelpe til i arbeidet.

Foto: Rundballar på trygg lagerplass langt frå vassdrag (Anne Berit Grasbakken)

 

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!