utdeling 2016"Årets Midtdalsbonde" skal kårast for sjette gong. Prisen er ei påskjønning til ein bonde i Midt-Gudbrandsdalen som viser framtidstru, profilerer landbruket på ein god måte, og skapar gode relasjonar til samfunnet elles.

Alle kan kome med forslag på kandidatar. Dersom du kjenner ein bonde som fortener prisen, så send forslag til Anne Berit Grasbakken på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 1. juni. Forklar kort kvifor du meiner at din kandidat bør få prisen.

Juryen vil nominere tre av dei foreslåtte kandidatane til prisen "Årets Midtdalsbonde 2018". Desse tre vil bli presenterte i avisa Dølen etter sommarferien. Ein av dei tre nominerte får prisen. Prisutdelinga skjer til hausten, og både vinnaren og dei andre to nominerte får ein pengesum.

Det er Sparebank 1 Gudbrandsdal, lokalavisa Dølen og Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal som står bak prisen.

Desse er tidlegare kåra som "Årets Midtdalsbonde":

2017: Hans Ulberg, Sør-Fron
2016: Ole Asmund Sylte og Gunhild Wetterhus Sylte, Ringebu
2015: Egil Brenden og Wenche Rønningen, Sør-Fron
2014: Marthe Dypdalen, Nord-Fron
2013: Arnhild Thujord og Knut Thujord, Ringebu

Foto: Frå prisutdelinga i 2016

 

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!