hedmark oppland fmopI Oppland har vi eit felles regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) som gjeld for 2014 til 2016, det same har dei i Hedmark for perioden 2013 til 2016. For begge fylka er det tid for rullering, og sidan Hedmark og Oppland skal bli til Innlandet, skjer det nå eit arbeid for å lage eit felles bygdeutviklingsprogram for Innlandet for perioden 2019 til 2022.

RBU er eit styringsverkty for arbeid med å utvikle bygda og landbruket. Under RBU ligg tre spesielle program;

1. Regionalt næringsprogram (RNP) som styrer bruken av bygdeutviklingsmidlane
2. Regionalt miljøprogram (RMP) som styrer bruken av regionale miljøtilskot
3. Regionalt treprogram/trestrategi som styrer satsinga på skogbruket

Samarbeidspartar som står bak utvikling av programma er Fylkesmennene, fylkeskommunane, Innovasjon Norge, bondelaga, småbrukarlaga og Mjøsen.

I mars vart det arrangert innspelsmøte fleire plassar rundt om i fylka våre. I tillegg kunne alle som ville kome med innspel innan 23. mars. Totalt kom det 52 innspel. Styringsgruppa hadde møte 11. april for å starte arbeidet med innspela. Nå startar skriveprosessen, og målet er å ha førsteutkastet til ny RBU ferdig til 20. juni, som er tidspunkt for neste møte i styringsgruppa. RBU skal vere ferdig før nyttår.

Dersom du vil følge prosessen og lese innspela, gå inn på vår felles nettside https://www.fylkesmannen.no/innlandet/rbu/

Foto: Fylkesstorleik etter avvirka volum (til venstre) og jordbruksareal (til høgre) (Østlandsforskning)

 

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!